Kor langt er langt?
Geodimeteret var eit tungt instrument, uskikka for norske høgfjell.
Foto: Wiktionary
Målebandet og tommestokken tilhøyrer dagleglivet, for skreddaren, snikkaren og oss andre. Skal noko gjerast i stova, må tommestokken fram. På stadionet kan målebandet fastslå at det siste spydkastet er det lengste verda har sett, verdsrekord. Dette er kvardag.
Men korleis måler vi avstanden mellom to fjell? Og mellom fisketorget i Bergen og Stortorget i Oslo, om nokon skulle vere interessert i å vite det? Eller mellom Paris og New York? Her kjem vi ikkje langt med målebandet.
Dette har menneska streva med i alle tider.
Grekarane visste at jorda var rund. Pythagoras meinte at det budde folk rundt heile verda, og at det fanst «antipodar, og at vårt ned var deira opp». Thomas Reinertsen Berg skriv om dette i boka Verdensteater. Kartenes historie.
Men kor stor var jorda? Geografen Eratosthenes, som skapte ordet geografi (jordskrift), utførte eit eksperiment som gav svaret. Ved midtsommar stod sola i senit over Aswan i Egypt. Aswan låg på same lengdegrad som Alexandria, der Erathostenes heldt til. Han sette opp eit solur i Alexandria på midtsommardagen og målte lengda på skuggen. Skuggen utgjorde ein femtiandedel av heile sirkelen. Mellom Aswan og Alexandria var det 5000 stadion. Dette talet gonga han med femti og slo fast at jorda hadde ein omkrins på 250.000 stadion.
Det er mykje tvilsamt i dette reknestykket. Avstanden mellom Aswan og Alexandria, som er utgangspunktet for avstandsmålinga, var rekna ut frå den tida det tok å ri mellom dei to byane på kamel. Men resultatet står seg godt mot dagens kunnskap. Feilen er på nokre få prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.