Diktet
Korkje som poet eller prosaist har Johan Fredrik Grøgaard fått nokon etter seg, skriv Jan Erik Vold
Foto: Rolf M. Aagaard / Gyldendal
Johan Fredrik Grøgaard, fødd 1934, vart nyleg 90. Dagens tekst, frå debutsamlinga
elefantspråket & andre dikt (1971), er skriven på vegner av dei som vart 21 i 1955 – midtvegs i det som enkelte har kalla «de trøtte femtiåra». Diktaren Vilhelm Krag, som fann opp ordet «Sørlandet», gav i 1927 ut eit bind muntert-vemodige erindringar i ein alder av 56: Dengang vi var tyve Aar.
Inngangen til Grøgaards fire strofer plussar på med eitt år til: da vi var enogtyve. Diktet er skrive då forfattaren var 37, altså godt vaksen, i stand til å skoda både attover og framover i livet sitt. Å syngja på trikken var kanskje noko dei eldre ikkje gjorde, og å dela på tannbørsten? Diktet er halde i vi-form: Vi som trudde «vi var passe gærne» og «kjente døden bare av omtale/ vi vanket ikke i de kretser». Diktet kan lesast som eit generasjonsdikt for ein ungdom som vanka i andre krinsar.
Men dei klarer ikkje heilt å bryta med dei eldre. Dei skriv «ærbødigst» på søknadene sine – det gjaldt å koma seg fram og sikra seg ein jobb, blant dei vaksne: «vi takket for en plass i køen». Men reglane var vortne annleis, utan at det var klargjort: «siden kom ingen etter oss».
Grøgaard, ein strålande og stilsikker skribent, med romanar, noveller, ungdomsbøker, essay, Shakespeare-omsetjingar, tidsskriftredigering, gav ut éi diktsamling til: mannen som ikke kunne kose seg (1972), med fire avdelingar: «kjeppjaget av sin energi», «med mindre forstand enn en flue», «rastløs som den mot ruten», «men veien ut skal han nok finne».
Så må det påpeikast: Korkje som poet eller prosaist har Johan Fredrik Grøgaard fått nokon etter seg. Slik er han unik.
da vi var enogtyve
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.