Sjakk
Krigen i kulissene
Jan-Krzysztof Duda frå Polen nekta å helsa på den russiske motstandaren Denis Khismatullin.
Skjermdump frå TV-sendinga av snøggsjakk-VM
Sjakkinteresserte nordmenn kunne som alltid fylgja verdsmeisterskapen på NRK i romjula. Og som vanleg vann vår mann, Carlsen. Som kommentator på TV-sendingane var det ikkje ofte eg fekk høve til å prata om den store sjakknasjonen Ukraina. Han finst ikkje lenger.
Dominerande i TV-ruta var «nasjonen» Fide, eit akronym for russarar (og belarusarar) under falskt flagg. Kreml har full kontroll over sjakken gjennom Fide-president Arkadij Dvorkovitsj, som no har teke «ein Putin» og reversert regelverket slik at han kan sitja så lenge Kreml vil ha han i presidentstolen.
Ukraina tapte på og utanfor brettet i romjula. Stormeister Nazar Firman heldt seg heime og underviste born på Lviv Chess Academy den 28. desember. Same dag vann Anastasia Bodnaruk frå St. Petersburg kvinneklassen i snøggsjakk-VM. Dagen etter vart sjakkskulen til Firman i Lviv bomba av russarane, som intensiverte åtaka over heile Ukraina, og Bodnaruk fekk gratulasjonstelegram frå Putin.
Bodnaruk klaga over at Anna Muzytsjuk, motstandaren hennar frå Lviv og tredobbel verdsmeister i snøggsjakk, ikkje tok henne i handa før og etter partiet. Det var mange slike episodar i VM. NRK synte eit glimt frå siste runde i lynsjakken mellom Valentina Gunina frå Murmansk og Muzytsjuk. «Dei ser så alvorlege ut», kommenterte Ole Rolfsrud. Ja, det er krig. Gunina vart verdsmeister – utan gratulasjon frå Muzytsjuk. Det såg ut som den ferske verdsmeisteren Gunina døydde av skam. «Vi pratar ikkje lenger med ukrainarane», sa dei russiske kvinnene til russisk presse.
Den polske stjerna Jan-Krzysztof Duda nekta å helsa på motstandaren Denis Khismatullin, ein russisk krigshissar som har vore mykje i okkuperte område.
Den beste ukrainske spelaren Pavel Eljanov heldt seg borte frå VM. Den 2. januar i år vart husværet til mor hans i Kharkiv treft av ein russisk rakett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.