Kva glor du på?Augnekontakt er ofte viktig og fint, andre gonger er det beint fram utriveleg. Både folk og dyr kan kjenna seg truga om du ser dei rett i augo. Stundom hjelper det å smila, men det kan òg gjera vondt verre. Med andre ord gjeld det å nytta au

Publisert

Augnekontakt er ofte viktig og fint, andre gonger er det beint fram utriveleg. Både folk og dyr kan kjenna seg truga om du ser dei rett i augo. Stundom hjelper det å smila, men det kan òg gjera vondt verre. Med andre ord gjeld det å nytta augo på rett måte til rett tid. Det er ikkje alltid so lett, men éi lekse har me alle lært: Det er stygt å glo.

Dei av oss som er sjåande, veit kor leitt det er å verta glodd på. Me veit òg kor lett det er å gløyma skikk og bruk og glo sjølv. Ja, me sit og glor rett som det er. Det er temmeleg nytt å bruka glo soleis. Glo hadde opphavleg tydinga ‘skina, gløda’, og ordbøkene fortel at ordet mellom anna er i slekt med gul, glas, gull, galle og dei to substantiva glo og glød, som historisk sett er same ordet.

Norrønt glóa vart nytta i tydinga ‘vera gloande; skina, glimra’. Slik er det framleis i islandsk (glóa) og færøysk (glógva). «Glógva sum gull» (eig. ‘glo som gull’) tyder då ‘glima/skina som gull’. Biletlege seiemåtar finst òg, jamfør færøysk «har glógvar ikki í», som tyder noko slikt som «der finst ingen ljospunkt». Til og med i engelsk (glow) og tysk (glühen) vert verbet nytta om å skina og gløda, men tydinga ‘sjå på, stira, glana’ er faktisk registrert i mellomengelsk. I dag er det berre i norsk, svensk og dansk at det er vanleg å bruka verbet soleis. Me veit ikkje presis korleis denne tydingsendringa gjekk føre seg, men glo har i alle fall vore mykje nytta om augo som glitrar og skin. «Det glor i katteauga», står det i Nynorskordboka. I Islex-ordboka står nesten ordrett det same, berre på islandsk (her nyttar eg d for stungen d): «Augu kattarins glódu í myrkrinu.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement