Lenin sa: «Bli ljos!». Og det vart ljos. Det var den store elektrifiseringa av det største landet i verda. Men no er framtida bekmørk. Sistemann som forlèt landet, må hugsa å sløkkja ljoset.
Eg har mist kontakten med alle. Og det er ganske mange. I 35 år kopla eg sjakk og russisk. Det var sjakk og Russland og Russland og sjakk.
Eg har (hadde) tre verkeleg nære vener som framleis er i Russland. Dei er særs sympatiske. Dei har vore i Noreg fleire gonger, og eg har vitja dei i Russland. Dei er moderne menneske frå St. Petersburg og Moskva og klarer seg ganske godt økonomisk, også i dag, vil eg tru. Dei hugsar sovjettida og var fulle av optimisme på vegner av det nye Russland.
Ingeniøren. Han er intelligent, men ikkje intellektuell. Han er gatesmart og gjorde karriere på slutten av 90-talet, då ein kunne tena store pengar. Han er raus med venene sine, noko eg har hatt glede av, til dømes då eg var trulovar i bryllaupet hans. Han støtta entusiastisk krigane i Tsjetsjenia. Han ser rett inn i Putins mørke sjel, men han stør likevel regimet i alt.
Lingvisten. Han er briljant. Han ignorerer den statlege propagandaen, som han ser rett igjennom, men får med seg alt likevel. Han ser på Putin som ein nyttig idiot for ein større idé. Lingvisten er ein russisk nasjonalist. Eg er viss på at han stør krigen mot Ukraina med intellektuelle argument.
Stormeisteren. Han er snøgg i hovudet, variantane og argumenta kjem som ei mitraljøse. Han har ein ironisk distanse til alt, men var ein av dei fyrste sjakkspelarane som gjekk offentleg ut med full støtte til «spesialoperasjonen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.