Frå historia
Lammekollektivet
Søye med to lam på beite i Sødorpfjellet i Gudbrandsdalen.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Lamma var små og morosame dyr. Dei hadde mykje moro, også med kvarandre, før dei sprang bort til mor si og fekk seg mat.
Leikane deira var av mange slag, stort sett nokså uforståelege for oss. Ein klassisk leik dei hadde, var å samle seg på ein liten haug på beitet. Der stod dei bom stille med føtene fast planta i bakken medan dei ivrig såg seg om. Så, brått, sette dei i fullt firsprang til neste haug, der dei stilte seg opp igjen, på akkurat same måten. Dette kunne dei halde på med utrøytteleg lenge.
Det eg aldri fekk tak i, var korleis dei fekk eit kollektiv til å reagere så samordna og spontant, kva som var det samordnande prinsippet. Min teori var at dei hadde eit signal, seg imellom, som alle forstod og oppfatta, men som eg aldri fekk tak i. Moro hadde dei det i alle fall.
Som liten gut hadde eg som jobb å ta saueflokken, med mødrer og lam, heim til kveldsmaten. Då hadde far lagt ut mat til sauene i troene langs veggen i sauefjøset.
Sauene visste dette og sette av stad i fullt firsprang for å kome først til matfatet. Lamma sprang etter i samla flokk. Bak dei alle sprang eg.
Sauene gjekk til maten. Lamma stilte seg opp midt på golvet, før det gjekk opp for dei at her hadde dei ingenting å gjere. Då snudde dei og ville springe ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.