Ord om språk
«Lat oss nytta høvet til å ransaka kjellar frå kjellar til loft.»
Teikning: May Linn Clement
Nokre har fått innsig av vatn i kjellaren i haust. Andre har fått kjellarsopp. Sæle er dei som har ein god og turr kjellar utan noko kluss, eller som ikkje har kjellar og trivst godt med det. I alle høve er me no i ein bladkjellar (‘(artikkel på) nedre del av avisside’). Lat oss difor nytta høvet til å ransaka kjellar frå kjellar til loft.
I norrønt finn me formene kellari og kjallari. Dei kjem frå latin cellarium (‘forrådskammer’), som heng i hop med cella (‘lite rom, kammer’), jamfør lånordet celle. Kelner høyrer òg til her. Det har sige inn i nordisk frå tysk, men kjem av mellomalderlatin cellenarius (‘kjellarmeister’), som er avleitt av cellarium.
Det er ikkje berre på kjellarrestaurantar me møter kelnerar. Men sjølv når dei arbeider i toppetasjen, veit dei kva som finst i vinkjellaren. Kjellarar flest er svale og ein framifrå lagringsplass for mat og drykk. I boka Arbeidet i bygdene (1980) skriv Johannes Gjerdåker at «det var potetbruket som gjorde at folk byrja å grava ut kjellarar under husi».
Me har omgrep som potetkjellar, fruktkjellar og matkjellar. Mange har saft og ymse sylta godsaker i kjellaren og kan byda gjester på eit glas kjellarkald brus. Men det er ikkje berre etande emne folk har i kjellaren. Nokre har hatt gullet sitt i ein bankkjellar, medan kjellarbua heime har vore stuva full med verdlaust rask. I kjellaren kan det vera rom for reinleik (vaskekjellar) eller skit (møkkjellar).
Det har òg vore vanleg å setja folk i kjellaren. Då tenkjer eg ikkje på dei som bur i eit kjellarhusvære eller er avlidne og ligg i likkjellaren. Nei, her dreiar det seg om levande folk som ein vil sperra inne. Då er det praktisk å ha ein fangekjellar eller eit kjellarhòl tilgjengeleg. Om ein har ein blindkjellar, ser ikkje folk at det er ein kjellar der eingong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.