Leikeplassar

Leikestativ på ein moderne leikeplass. Runde former, nylontau, plast og gummidekke gjer apparatet trygt å leika i.
Leikestativ på ein moderne leikeplass. Runde former, nylontau, plast og gummidekke gjer apparatet trygt å leika i.
Publisert

Eg ligg på toppen av eit gigantisk leikestativ og tenkjer i mitt stille sinn at dette er fantastisk. Barnebarnet mitt har opna auga mine for ei heilt ny verd fylt med teknologi. Dyktige ingeniørar saman med pedagogar har brukt all sin kreativitet for at me aldri skal gå lei av å utfordra eigen kropp og eigne sansar. Me dreg frå leikeplass til leikeplass og oppfører oss som ungar i ein godtebutikk der leikeapparata står i kø. Fyrst prøver me det eine, så det andre i ein evig runddans. Ho og eg vert aldri lei. Rett attved oss turnar ein godt vaksen mann i nokre andre apparat. No leikar alle generasjonar. Dette er det eg kallar framsteg. Kva hadde eg av leikeapparat i min barndom mellom blokkane på Landås i Bergen? Ingen. Rett nok likte eg å klatra i lyktestolpane og kjenna lukta av sink i nevane, men det var neppe eit samfunn lagt til rette for leik.

Eg får ein ubendig trong til å ringja ein professor. Kva er det som skjer? Det er berre å løfta røret og slå på strengen til Elin Eriksen Ødegaard, som er forskingsleiar for BARNkunne – Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet.

– Kva er leik?

– Det veit du vel? Leik er mållaus morosam aktivitet som kan vera anten fysisk eller psykisk. Både vaksne og born leikar. Jamvel dyr nyttar leik. Barn elskar å leika, og leiken har ein viktig funksjon for barnekulturen, for å læra om korleis verda heng saman, og for at dei skal sosialiserast inn i vaksenlivet.

– Kva har skjedd med leikeplassane?

– Det du har observert, er framveksten av den nye generasjonen av leikeplassar der teknologi er teken i bruk i apparata og gir rom for det vi kallar intergenerasjonalitet og universell utforming. Born går ofte fort lei av enkle apparat, difor ser du no samansette konstruksjonar som inneheld sklier, klatrevegger, labyrintar, disser (husker), bommar for å halde balansen og trampolinar. På bakken er det lagt mjuk gummi, slik at ein ikkje slår seg om uhellet skulle vera ute. Plassane du har vore på, er bygde opp rundt ei mengd EU-direktiv som legg til rette for ein polstra barndom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement