Frå sjakkverda
Ljoset frå Moldova
Svetusjkin var ein djup teoretikar frå Tsjebanenko-skulen.
Etter Tsjebanenko på 1980-talet og Bologan på 1990-talet kom Dmitrij Svetusjkin som ei ny kraft i Moldova i det nye tusenåret.
Foto: Andreas Kontokanis / Wikimedia Commons
I august 1991 gjekk verda frå i går mot slutten med eit siste kupp mot Gorbatsjov frå gamalkommunistane. Eg var 20 år og deltok i junior-VM i Romania, landet som halvtanna år tidlegare hadde avretta diktatoren Ceauşescu. Eg fekk god kontakt med sovjetaren Viorel Bologan, som slo meg i Rossolimo-varianten i siciliansk og lærte meg bannskap på russisk.
Året etter, då Sovjetunionen var oppløyst, vart det klart at den nye venen min kom frå det vesle nabolandet til Romania, altså Moldova, og var elev av Vjatsjelav Tsjebanenko (1942–1997). Rossolimo-varianten var eit av kjenneteikna til Tsjebanenko, meisterhjernen i moldovisk sjakk. Eg byrja sjølv å spela Tsjebanenko-varianten i slavisk forsvar (4…a6), ei openberring i opningsteorien moldovarane hadde gøymt bak jarnteppet.
Det skulle koma meir frå landet med 2,5 millionar innbyggjarar. I sjakk-OL i 1992 var unge Bologan på fyrstebord for den vesle debutanten. I Tromsø-OL i 2014 var Bologan framleis på fyrstebord, men no var det 34 år gamle Dmitrij Svetusjkin på andrebord som stal showet med 8 av 9 poeng og ein ratingprestasjon på Carlsen-nivå, 2809.
Svetusjkin var ein djup teoretikar frå Tsjebanenko-skulen. I 2013 skreiv han boka The Ultimate Anti-Grünfeld: A Sämisch Repertoire. Svetusjkin var ein intellektuell som las alt i russisk litteratur, særleg avantgardeforfattarar på 1920-talet som Daniil Kharms. Men aller best likte han eksilforfattaren Sergej Dovlatov frå 1980-talet (ein gjengangar i spalta mi).
Svetusjkin lærte seg tysk for å kunna lesa poeten Heinrich Heine i original. Moldovaren var ortodoks kristen, men studerte hebraisk og visste «alt» om jødisk metafysikk og mystisisme, fortel stormeister Ilja Smirin frå Israel.
Svetusjkin ignorerte heller ikkje kroppen. Han var ulik alle andre sjakkstormeistrar. Han sprang maraton og ekstremkonkurransen «Ironman 70.3» – ein triatlon med 1,9 km symjing, 90 km sykkel og 21,1 km springing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.