Lungeorm
Den store lungeormen kan gje alvorleg sjukdom hos storfe.
Illustrasjon frå Wikipedia
Parasittlarvar som et seg gjennom tarmveggen og vandrar til lungene for å leve og pare seg der, som infiserer sniglar eller brukar eksplosiv sopp som metode for å spreie seg utover beitemarkene til sau, geit og andre planteetarar... Velkommen til ei vandring i lungeormens fantastiske verd.
Ein suksess
Planteetarar er ein viktig del av naturens store krinsløp, der dei går på beite og legg att næringsrik gjødsel som mikrolivet i jorda kan nytte til ny primærproduksjon. Denne syklusen er diverre også særs godt eigna for parasittar som kan formeire seg inne i eit levande dyr og så sleppe ut egg eller larvar i avføringa til verten. Lungeormar er eit godt døme på slike beitetilpassa parasittar og er ei vanleg plage hos dei fleste husdyr over heile verda.
Lungeormane har sitt vaksne liv i luftrøyr og lungevev hos landlevande virveldyr. Dei har kjønna formeiring, og etter paringa legg hoene egg som eigentleg skulle ha vore sleppte frie i tarmen for å kome ut att den vegen. Men det er det råd med, irritasjonen i lungene fører til meir slim og hosting, og slik blir egga transporterte opp til svelget, der dei gjer vendereis og kan ta turen ned til magesekken og vidare ut med avføringa.
Store lungeormar
Geit og sau har ofte lungeorm, som regel er dei smitta med ei blanding av ulike typar. Geitene blir ofte hardast råka, men dei siste åra har kartlegging på slakteria i Noreg vist at lungeorm er eit svært vanleg problem også hos sau her i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.