Mennesket og maktene
Lyn slår ned i havet utanfor Rognsfjorden ved Langesund.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Frå mennesket dukka opp i historia, har det lege i konstant konflikt med naturen og naturmaktene. Storm, flaum, kulde og rovdyr var stendige trugsmål for fysisk veike skapningar, som mennesket var.
Historia handlar mykje om denne kampen, der menneska etter kvart skaffa seg eit overtak.
Stormen var framleis vill og farleg. Men flaumvern vart bygde og elvar regulerte. Gode hus og klede gjorde kulden mindre farleg. Villmarka vart kultivert, og kulturplantane våre overtok mykje av jorda. Rovdyra vart drivne unna.
Dette overtaket over naturen har drive naturen ut av byane våre. Byane er unge innslag i historia, seint tilkomne. Og dei har skapt stor avstand til naturen og naturlege livsvilkår.
Når vi byfolk spør om vêret, er det for å vite om vi skal ha med oss paraply eller regnfrakk. Og torevêr er festleg, spesielt om det er mørkt ute. Innomhus er det varmt i byane, og rovdyra er borte.
Men naturen finn det nødvendig, rett som det er, å minne om at hans finst og er mektig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.