Millionar av arbeidstimar

Jack Olsen på Bridge at Chappaquiddick, som også er tittelen på ei av dei mange bøkene han har skrive.
Jack Olsen på Bridge at Chappaquiddick, som også er tittelen på ei av dei mange bøkene han har skrive.
Publisert Sist oppdatert

«Whist førte til bridge­whist, som førte til auksjonsbridge, som førte til kontraktbridge, som førte til drap, skilsmisse, sjølvmord, kaos og andre sosiale vonde.»

Omsetjinga er mi eiga, orda tilhøyrer amerikanaren Jack Olsen. Vi må tru at han har grunnlag for påstanden, for han spela ikkje berre bridge, han var ein profilert journalist og forfattar især innan «true crime»-sjangeren. Han visste òg mangt og mykje om sport, og skreiv mellom anna ein biografi om Muhammad Ali.

I boka The Mad World of Bridge skildrar han korleis bridgen lik ein epidemi breidde om seg i USA frå tidleg på 1900-talet, med ein veritabel eksplosjon i interesse då Harold Stirling Vanderbilt – namnet formeleg osar av pengar og overklasse – på slutten av 1920-talet utvikla den moderne forma for bridge, kontraktbridgen.

Det gjekk såpass langt at mange uroa seg for denne feberen og fylgjene av han. Ein magasinskribent gjorde ein kalkyle, og kom fram til at bridgen kosta den amerikanske nasjonen 273.586.312 arbeidstimar per dag – tid nok til å byggje to Hoover-dammar og ein Panama-kanal. Etter børskrakket i 1929 fekk USA ein depresjon å stri med, og same skribent uttrykte at han var usikker på om det amerikanske folket ville koma seg ut av depresjonen gjennom å springe over til grannekjerringa for å spela bridge i timevis kvar einaste kveld. Men kanskje var det nettopp dette som skulle til?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement