Frå historia
Når stormakter skal verne landsmenn i utlandet, er det fare på ferde
Tyske styrkar som rykte inn i Sudetlandet 9. oktober 1930, vart møtte med nazihelsingar og hakekrossar.
Foto: Bundesarchiv / Wikipedia
Russland har invadert Ukraina, ein sjølvstendig grannestat. Som mange andre land har Ukraina ein samansett folkesetnad. I Aust-Ukraina bur det mange som reknar seg som etniske russarar. Dei har røter langt tilbake i historia, og det har gjennom åra vore politisk spenning mellom dei og ukrainske styresmakter med sete i vest, i Kyiv.
Etter at Russland i mange år har pusta til og stimulert eit militært opprør mellom desse russiske ukrainarane og halde ein borgarkrig i gang, har dei no gått til regulær invasjon, med full militær styrke.
Motivet for invasjonen skal vere å verne russiske landsmenn i Ukraina mot overgrep og trakassering frå den nazistiske ukrainske sentralregjeringa i Kyiv. Det er det som blir sagt. Nazismen lever i Kyiv.
Kor truverdig denne forteljinga er heime i Russland, står att å sjå. Russland har vonde røynsler med nazismen. Framleis lever det folk som minnest Hitlers terror. Og minnet om den store fedrelandskrigen blir stendig halde blankt og skinande.
Mykje kan tyde på at denne redningsaksjonen for dei etniske russarane i Ukraina vart vanskelegare og farlegare enn Putin hadde tenkt seg. Krigen går sin gang. Menneske blir drepne. Samfunn blir øydelagde. Og krigen kan vekse. Slike redningsaksjonar har Europa sett før.
Sudetlandet er eit område som omfattar delar av Böhmen og Mähren. På 1100-talet slo tyskarar seg ned der. I fredsoppgjeret i 1918 vart Sudetlandet lagt under Tsjekkoslovakia. Det budde tre millionar sudettyskarar i området, og det oppstod ei skarp nasjonal motsetning. Mange av sudettyskarane ville ha Sudetlandet med folket der overført til Tyskland, Heim ins Reich. Dei skipa sitt eige parti, leidd av nazisten Konrad Henlein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.