Frå bridgeverda
Nevrosexisme
«Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dameklasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking?»
Kvinner i Det republikanske partiet i USA koser seg kring kortbordet.
Foto: Nina Leen
I dag ein gamal diskusjon. Det er eit faktum at menn gjer det betre enn kvinner i bridge og fleire andre tankesportar. Det er fleire menn enn kvinner som spelar bridge, men det forklårar ikkje kvifor dei mange kvinnene som trass i alt driv med sporten, i liten grad hevdar seg i tevlingar som er opne for både kvinner og menn, noko som gjeld nesten alle bridgetevlingar bortsett frå dei i dameklassen.
Det at det finst ein dameklasse, kan verke som eit billeg plaster på såret: Her kan kvinner få sleppe å tapa for menn, liksom. Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dameklasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking? Er ikkje det å kapitulere for ein idé om at menn har kognitive eigenskapar som gjer dei betre skikka for bridge enn kvinner?
Forskingsprosjektet «Bridge: A MindSport for All», med den engelske sosiologiprofessoren og bridgespelaren Samantha Punch i spissen, har mellom anna undersøkt denne problemstillinga, gjennom intervju med både kvinnelege og mannlege elitespelarar. Noko desse intervjua syner, er at «nevrosexisme» – altså oppfatninga av at skilnader mellom den mannlege og kvinnelege hjernen gjer kvinner dårlegare rusta for visse intellektuelt krevjande aktivitetar – i høgste grad finst blant bridgespelarar, som i populærkulturen og samfunnet elles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.