Frå sjakkverda

Noko av det geniale med Dovlatov var at han lukkast i å kombinera det sovjetiske med det ikkje-sovjetiske.

Ironiske russarar. Sergej Dovlatov (1941–1990) og Semjon Zunik (1950–2014).
Ironiske russarar. Sergej Dovlatov (1941–1990) og Semjon Zunik (1950–2014).
Publisert Sist oppdatert

Eg plar seia at den russiskspråklege favorittforfattaren min er Sergej Dovlatov, men det er berre noko eg seier av di nesten ingen har høyrt om han. Dovlatov var emigrant og skreiv med eit skeivt blikk på sovjetsamfunnet. Han skreiv kort og stilsikkert, men det var lite sjakk i stubbane hans. Eit intervju frå 2011 med ein annan emigrantforfattar, Alexander Genis, har den tillokkande tittelen «Kvifor Dovlatov ikkje lika sjakk».

Genis seier som sant er, at Dovlatov var den siste «klassikaren» i russisk litteratur. Noko av det geniale med Dovlatov var at han lukkast i å kombinera det sovjetiske med det ikkje-sovjetiske, utan å vera primitivt anti-sovjetisk. Livet er ikkje svart-kvitt, men det er for lett å seia at det er difor han ikkje lika sjakk. «Han lika heller ikkje fisk», sa Genis. «Dovlatov mislika alt som ikkje var litteratur. Tanken på å spela sjakk irriterte han, eit idiotisk tidtrøyte når ein i staden kan lesa, skriva og drikka.»

Den andre favorittforfattaren min er verkeleg ukjend. Semjon Zunik skreiv òg stutte setningar i stutte forteljingar, fulle av aforismar og ironisk distanse. Zunik var sjakkspelar og skreiv for det meste om sjakk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement