Nordahl Grieg må vere ein av dei mest kjende – og sungne – norske poetane frå 1900-talet.

Diktet

Publisert Sist oppdatert

Nordahl Grieg skreiv dikt, krim og krigsjournalistikk, mellom anna, og publiserte rundt 20 bøker før han døydde som 41-åring. Diktet «Cykkelstyret» er henta frå diktsamlinga Norge i våre hjerter (1929).

Fargane, lyset og angen er viktige i diktet. Sykkelstyret blenkjer, gutane glør blått framfor heggebuskane. Det er ei sensuell tekst; poeten rettar merksemda vår mot det tynne stoffet som blafrar i ei slags vektløyse mellom jentekroppane og den milde lufta. Det er noko med juninettene her nordpå, etter så mange kalde, mørke døgn. Er det rart vi renn over av sansar, er det rart kjærleiksdikta våre blir skrivne i og om sommarmånadane?

Samtidig held poeten seg på avstand. Han ser på jentene i tosame einingar og gutane som ståkar bak dei, som var det ei filmscene, eit måleri: «Blå dresser langs hvite hegger.» Snart blir gruppa skrella vekk.

Andre del av diktet fokuserer på ein gut og ei jente kring eit sykkelstyre. Her speglar teiknsettinga kjenslene deira: Utropsteiknet i «vi går og holder noget sammen!» viser den brusande kjensla av å ha møtst, medan punktumet i setninga etter reflekterer roa dei held fast i når dei læst som ingenting. Ulike modusar utvendig og innvendig.

Det eg likar best med diktet, er slutten. O, det kjensleladde poetiske utropet som tradisjonelt blir brukt om noko høgverdig, ropar her etter sykkelstyret. Det er ein humoristisk bruk av o; sykkelstyret fører til møtet mellom dei to, og er derfor like verdt eit utrop som kjærleiken sjølv. O sommarnatt!

Cykkelstyret

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement