Nye historieforteljarar

Nærbilete av Jupiter, med fotografen Juno teikna inn i forgrunnen.
Nærbilete av Jupiter, med fotografen Juno teikna inn i forgrunnen.
Publisert

Universet var lenge fjernt og mysteriøst. Det einaste hjelpemiddelet som fanst for å forstå og forklare, var lenge fantasien. Og fantasien gjorde så godt han kunne. Sola, som heldt liv i det heile, fekk nesten overalt gudestatus i si daglege ferd. Antikken fylte stjernehimmelen med gudane sine, greske og romerske. På våre kantar fekk månen, denne steindaude og kalde drabanten til sola, ansvar for kjærleik og romantikk. Han var stort sett ute om natta, og hadde vel sett litt av kvart.

Babylonarane og egyptarane arbeidde systematisk med stjernehimmelen. Grekarane førte arbeidet vidare ved å finne ei ordning for dei uryddige vandrestjernene, planetane som dei kalla dei. Desse planetane rørte seg annleis på himmelen enn andre stjerner, og dei hadde vore eit problem for astronomane. No var løypa deira skildra og avslørt.

Kopernikus gjorde det heile meir oversikteleg då han sette sola i sentrum. Planetbanane vart svært mykje enklare.

Så kom Newton med gravitasjonslovene sine. Gravitasjonen, denne merkelege tiltrekkingskrafta som lekamar har, var trafikkonstabelen i universet. Han såg til at stjernene var på plassen sin og følgde dei oppsette rutene, slik at ikkje alt vart berre kaos.

Neste sprang var å få lyset til å fortelje om det universet det kom frå. Ved å analysere lyset frå ei stjerne kan ein i dag fastslå mykje om tilstanden på stjerna, kva slag grunnstoff som er der, og kvar stjerna er på veg.

Kopernikus var forenklaren. Gravitasjonen var trafikkordnaren, og lyset vart forteljaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement