Frå sjakkverda
Offiseren i Kharkiv
Jakov Nejsjtadt. Send bilettekst til atle.gronn@ilos.uio.no.
Foto: Boris DolmatovskijFoto: Boris Dolmatovskij / Jakov Nejsjtadt.
Eg følgde den gamle mannen langt oppi 90-åra. Kvar månad ringde den russisk-aserbajdsjansk-israelske stormeisteren Emil Sutovskij (f. 1977) til Nejsjtadt og rapporterte frå samtalen på Facebook. Det var sjakkinternett på sitt beste.
Jakov Nejsjtadt vart fødd for 100 år sidan. Som gutunge i Moskva opplevde han verdsmeistrane Capablanca og Lasker på nært hald. Så kom krigen. Den unge offiseren vart sjef for ein geværtropp, mellom anna i ukrainske Kharkiv. Han vart skadd både i 1942 og i 1944. Han kom heim til Moskva som ein helt og tok juristutdanning. Men med eit såvore namn kunne han ikkje arbeida som jurist. Stalin hadde gått til åtak på den jødiske intelligentsiaen.
Så Nejsjtadt vart sjakktrenar, teoretikar og skribent. Kan henda hadde han den beste pennen i sovjetisk sjakk. Han skreiv eit par dusin bøker og var «limet» i dei sovjetiske sjakktidsskrifta. Han var smålåten og meinte at journalistar ikkje skulle ha bilete av seg sjølv i avisa.
Kor stort var no eigenleg eit sovjetisk sjakktidsskrift? Eg spør meg om nokon norsk journalist har hatt like god kontakt med lesarane sine. Nejsjtadt hadde hund og katt og fekk den mest kjende sovjetiske sjakkfotografen til å ta eit bilete. Han spurde lesarane om dei kunne senda inn ein bilettekst til sjakkbladet. Han fekk over 800 lesarbrev med svar. Det var eit anna land og ei anna tid…
På 80-talet hamna Nejsjtadt i konflikt med den mest markante redaktøren i sovjetisk sjakk, KGB-agenten Aleksandr Rosjal’, som ville ha biletet sitt i bladet og ikkje kunne akseptera at Nejsjtadt skreiv så mykje betre enn han sjølv. Etter oppløysinga av Sovjetunionen emigrerte Nejsjtadt og familien til Israel. Han heldt fram med å skriva sjakkbøker. Han var krystallklar til det siste, då han døydde nesten hundre år gamal i mars i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.