Diktet
Olav Nygard viser til eit gløymt namn, Adolf M. St. Arctander (1847–1919), og attdiktinga hans av Goethes Faust.
Foto via Wikimedia Commons
Vi held fram med Olav Nygard. I eit brev til Johannes Lavik frå 1922 omtalar Nygard diktarstilen sin med sjeldsynte ord. Han forsvarar seg andsynes Lavik, for det finst dei som fylgjer ein endå tyngre stil: «So knak-brakande ihopknisla stil som i Faust-umsetjinga er det ikkje korso. Og endaa er eg tenkt aa lære mykje maal der; det er eit artistisk storverk, i sume maatar. Og stundom stor umsetjing».
Nygard viser til eit gløymt namn, Adolf M. St. Arctander (1847–1919), og attdiktinga hans av Goethes Faust. Arctander kom frå Hadsel og var av embetsmannsslekt, men nordlendingen valde ein annan karriere enn skyldfolket: Han arbeidde ved ulike folkehøgskular før han i 1901 skipa Lofotens og Vesteraalens folkehøgskole. Arctander skreiv bokmeldingar, mellom anna av Nygards debutbok: «‘Flodmaal’ er kannhenda den mest heilgjorde poesi, som til dessar hev kome paa norskt maal» (Norig, 17. november 1913).
På sine eldre dagar sette han om Schiller og – som sagt – Goethe til norsk: Faust. Eit syrgjespel (1911). Nedanfor står opningsdiktet i Faust i norsk språkdrakt, der Goethe ser seg attende til diktarsyner han hadde i ungdomen, for å finne inspirasjon. Den andre bolken av Arctanders attdikting kom ut i 1921. Den «knak-brakande» stilen hans har vorte gjord narr av. Men i jamføring med originalen er det ikkje dårleg utført. Arne Garborg hjelpte han òg under arbeidet. Nygard sette tydelegvis attdiktinga høgt. Både innhald og form er nygardske: Mange dikt hjå Nygard handlar om framkalling av minne. Der fylgjer han den klassiske strofeforma med åtte versliner, ottava rima, som hjå Goethe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.