Frå historia
Om å banne i kyrkja
Den amerikanske økonomen Milton Friedman då han tok imot Nobelprisen i økonomi av kong Carl Gustav i Stockholm 10. desember 1976.
Foto: Peter Knopp / AP / NTB
Vitskapshistoria kan lesast som eit triumftog for den frie og modige tanken, ei evinneleg framgangshistorie. Eller ho kan lesast som ei evigvarande gravferd for trygge og veletablerte gamle tankar, som blir nedkjempa med skrik og skrål, før dei hamnar på den romslege minnelunden historia har for utbrukte og utlevde tankar.
Alle våre tradisjonsrike vitskapar, som fysikk, medisin og teologi, er fulle av forteljingar om strid og kamp, der etablerte tankar slåst for sitt liv.
Økonomien som praksis er like gammal som menneska. Ordet er gresk og tyder å forvalte hus og heim. Og det har menneska, etter evne og ressursar, alltid stelt med.
Teoretisk tenking om økonomi er det lite av i antikken og mellomalderen.
I økonomihistoria reknar ein med at faget økonomi starta med dei franske fysiokratane på slutten av 1700-talet. Deira teori var at naturen, den fysiske verda med sine lover, skulle styre økonomien. Stat og styringsmakt skulle halde fingrane av fatet.
Liknande tankar formulerte Adam Smith noko seinare. Han skreiv om arbeid og arbeidsdeling, og om handlingsfridom som ein føresetnad for ein fungerande økonomi. Med økonomisk handlefridom ville konkurransen med ei «usynleg hand» leie utviklinga mot ein tilstand som var til det beste for alle. Tankane hans tok eit stort rom i økonomisk tenking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.