Frå historia
Ønskekonserten
Ønskekonserten var eit populært radioprogram. Her lyttar FN-soldatane Kai Johnsen og Arnvid Aas på Ønskekonserten i Gaza i 1957.
Foto: NTB
Ønskekonserten sende ein flaum av musikk over landet, musikk av mange ulike slag. Gjennom dette programmet nådde musikken ut til alle, også til miljø der musikktilbodet var nokså karrig.
Og folk sat og høyrde på. Kvar fjerde nordmann sat ved apparata, ein million menneske.
Programmet vart sendt kvar veke frå januar 1950, med kjenningsmelodien «Bojarenes inntogsmarsj» av Johan Halvorsen. Bojar var ei russisk overklassenemning.
Timen frå 20.00 til 21.00 skulle nå alle, og gjorde det. Borna fekk sitt først, så dei kunne få lagt seg. Så kom den meir livlege musikken, før den tungt klassiske og dei religiøse songane mot slutten.
Dei første åra sat folk i heimen sin på måndagskvelden og høyrde musikk og songar dei aldri hadde høyrt før. No vart denne musikken tilgjengeleg.
Noko vart opplevd som ukjent og rart. Noko vart sett pris på, og noko vande ein seg til over tid. Og noko tok ein til seg og bar med seg gjennom resten av livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.