JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Berre ugagn

Nokre ord gjer meir skade enn gagn, men folk har nok meint at gjegn er til stort gagn, for det dukkar jamvel opp som preposisjon og førefeste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2497
20240705
2497
20240705

«Den som har gagnet, kan ha møda med», seier ordtaket. Det læt som ei rettvis og gagnleg ordning. I røynda er det mange som slit seg helselause, og so gagnar det fyrst og fremst nokon andre. Kan henda har dei ei gagnløyse av ein sjef, til dømes ein som er leiar meir i namnet enn i gagnet.

Me kunne ha teke ein gjegnveg bort til røtene til gagn. Haken er at ordet gjegnveg er mindre kjent enn synonyma snarveg og beinveg. Adjektivet gjegn (ofte uttala gjeng, men ikkje i ætt med gjengs (av ), som i «gjengs oppfatning») tyder både ‘tenleg, eigna, rett, rak, rettvis, god’ (norr. gegn). Det er same ordet som svensk gen, som er best kjent i superlativ: genast (‘straks’, jf. òg genväg ‘beinveg’ og gena ‘ta beinvegen’).

Nokre ord gjer meir skade enn gagn, men folk har nok meint at gjegn er til stort gagn, for det dukkar jamvel opp som preposisjon og førefeste. Norrønt í gegn (‘imot; i staden for; som vederlag’) er vorte igjen (‘tilbake; på ny; i lukka stilling’ mfl.). Det er ei dansk form. Tydingar som ‘på ny’ («no er dei her igjen») og ‘i lukka stilling’ («ta igjen døra») er òg rekna som innlånte. Det vanlege i norske målføre er å nytta att her.

Meir i tråd med det norrøne er det å nytta igjen om motytingar (endå det høver bra med att då òg): «Han bytte bort kua, fekk fela igjen.» Me har elles ordet gjengjeld, og førefestet gjen- er endå eit døme på gjegn (norr. gegn) i dansk klednad. Av norrønt dativ fleirtal í gegnum har me fått (i)gjennom, som vart drøft i denne spalta i nr. 40, 2022. Andre slektningar er engelsk again (‘att, om att’) og against (‘mot’) og tysk gegen og entgegen (‘mot’).

Og so gagn, då. Grunntydinga til dette substantivet er ‘det eigna, det nyttige’. Det er gjævt å vera eit gagns menneske og gjera gagnleg arbeid eller gjera gagn for seg på andre måtar, og det er slitsamt med skapningar som berre gjer ugagn (jf. ugagnsdyr, ugagnskråke, ugagnstre).

Ordlaget «til gagns» svarar til ‘fullt ut; so det monar, dugeleg’, jamfør «kunna noko til gagns» og «få juling til gagns». Hokjønnsordet gogn (‘utstyr, reiskap; maskineri’) er opphavleg ei fleirtalsform (norr. gögn) av gagn. Me møter det til dømes i samansette ord som etegogn (‘bestikk’), fiskegogn (‘fiskereiskap’) og vevgogn (‘vevstol’). Slikt er det gagn i.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis