Kjærastpar i gamleda'r
Mange har ein forkjærleik for kjærleik. Sidan det er so vanleg å meina at dette ordet er mellom dei finaste me har, kan me seia at det er folkekjært. Sjølv tykkjer eg at kjærteikn er endå gildare, men lat oss snu og gå attende til folkekjær. Er det ikkje noko underleg med det?
Når kjær står sist i ei samansetjing, plar det målbera at noko eller nokon er glad i det som står fremst, som i dyrekjær, heimekjær, sjølvkjær og varmekjær. Og ja, stundom tyder folkekjær at ein er glad i folk: «Hunden er folkekjær.» Men som me veit, går det heilt fint å nytta ordet om saker og personar som mange folk tykkjer vel om. Med andre ord: Det finst folkekjære folk som trivst best åleine.
Nidkjær (‘svært ihuga, plikttru; streng’) er ei innfløkt sak. Ordet er truleg vorte til ved omsetjing av lågtysk nidige leve (‘svartsykje’). Nidige heng i hop med vårt nid (‘hån; fiendskap, misunning’), og leve er same ordet som tysk Liebe (‘kjærleik’). Tydinga er påverka av latin zelus og gresk zelos (‘brennande ihuge’).
I tillegg til å vera adjektiv tener kjær som substantiv, jamfør «skiljast frå sine kjære» og «min kjære reiser i dag». Å seia kjære til nokon er å kjæra: «Dei kom og kjæra og bad.» Ordlaget «(her hjelper, her er det) inga kjære mor» er truleg ei omtolking av «her hjelper inga kjære» (d.e. ‘inga klage’). Då substantivet kjære vart uskjønleg for folk, tolka dei det som kjær, etter kvart med tillegget mor.
Me veit at kjært barn har mange namn, men òg at same namnet kan nyttast om mangt. Kjærleik kan visa til godhug («visa kjærleik og omsorg») og brennande interesse («kjærleiken til fotball»). Me talar om nestekjærleik og Guds kjærleik. Størsteparten av dei kjærlege orda har likevel med romantisk og sanseleg kjærleik å gjera (t.d. hjartanskjær, kjærast, kjærleiksdikt, kjærleiksliv, kjærleikssorg). Gamle kjærleik rustar ikkje.
Om folk nyttar kjærleik slik eller slik, er meg like kjært. Men eg har meiningar om ordtaket «kjærleik gjer blind». For ei overdriving! Greitt at «kjærleik løyner mange lyte», men blind vert ein ikkje. Ein ser slikt andre ikkje ser, jamfør desse linene frå visa «Min kjærast» av Åsmund Sveen: «Min kjærast er søtar enn sydlensk vin / og ljuvar enn sol kan skine. / Men den som vil skòde kjærasten min / lyt låne au’a mine.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.