JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Papirflyttar på flyttefot

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2376
20231208
2376
20231208

Dei aller fleste flytter heimanfrå, og nokre rekk å vera med på flyttelasset åt dei vaksne før dei er gamle nok til å flytta ut sjølve. Om me granskar flyttemønsteret til kvar og ein av oss, ser me at nokre er meir flyttande eller flyttbare enn andre. Det finst folk som berre flytta på seg og som mesta lever på flyttefot. Andre vert uroa av tanken på å melda flytting.

Kva tid flytta kom flyttande, er ikkje godt å seia, men ordet er gamalt. Grunntydinga var truleg ‘lata flyta, få til å flyta’. Me ser det mellom anna i norrønt, der flytja gjerne vart nytta i tydingane ‘føra på vatn, ferja’. Norrønt flytja kunne òg nyttast meir ålment om å ‘føra av stad’ og ‘bera fram, seia’ (t.d. flytja af einhverju ‘fortelja om noko’).

Flytta er nærskyldt verba flyta, fløyta, flota (jf. eng. float) og substantiva flot («få båten på flot») og flote – eller flåte, då, om det skal vera i tråd med offisiell rettskriving. Forma flote vart utruleg nok tuppa ut i 2012. Dessutan høyrer adjektivet flott (‘elegant; drusteleg; framifrå’) til her. Det har me fått frå lågtysk, og det ser ut til at tydinga ‘elegant’ og so bortetter har vakse fram soleis: frå ‘flytande’ til ‘flytande ovanpå’ til ‘det å vera ovanpå’.

I landsmål gjekk Aasen for infinitivsforma flytja og same bøyinga som i norrønt: flyt – flutte – flutt. Men forma flytta var vanleg i målføra alt då, so i Norsk Ordbog opnar han òg for flytta – flytter – flytte – flytt. I dag kan flytta jamvel bøyast som a-verb, og det kan ha blanda bøying (flyttar – flytte – flytt).

Me treng ikkje leggja opp livet etter flyttardagen lenger, men store hendingar i livet inneber ofte flytting. Folk flytter saman eller frå kvarandre. Arbeidsplassar vert flytte, og nokre flytter etter. Kan henda har dei innflyttingsfest. Å høgtida tvangsflytting sit lenger inne. Flyttfuglane (trekkfuglane) har ikkje mykje å draga på, men det har menneskja, om me skal tru ordtaket: «Det veit ingen kor mykje han eig, før han skal flytta.»

Men det er ikkje alle flyttingar som krev flytteesker eller flyttebyrå. Stundom er det me sjølve som lyt flyttast («flytt deg!»), og stundom er flyttinga biletleg: «Tru kan flytta fjell.» «Denne boka flytter grenser.» Det meste er betre enn å berre driva med papirflytting og kommaflytting.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis