«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Foto via Wikipedia Commons
Olav Nygard hadde på slutten av livet (1922–1923) eit brevskifte med diktaren Tore Ørjasæter. Nygard bur på Horvei ved Voss, langt unna hovudstaden. Ørjasæter oppdaterer han på kampen om diktarstipend og fortel attpåtil om baksnakk: Diktaren Olav Aukrust nemnde ein gong «Flod-måls-skalden, so hådleg», for Nygards «liding og dypt var inkje mot hans eigne». Flodmaal viser til Nygards debutbok frå 1913.
Så siterer Ørjasæter utdraget av diktet ovanfor, frå Himmelvarden (1916). Ifylgje diktet finst det liding som ovrar seg som «frasur», ikkje er ekte. Dette var lenge før innkjøpsordninga. Det var hard kamp om stipenda, og sume overdreiv nok kjenslelivet for å overtyde kritikarar og komitémedlemer.
Ørjasæter meiner «Skaldetankar» var mynta på han. Men Aukrust kan òg ha tenkt på Olav Nygard, for alt i 1913 vart «flodmaalsskalden» genierklært i Gula Tidend, og Aukrust ville ta opp kapplaupet. Det gjorde det ikkje betre at Johannes Lavik, bladstyrar av bergensavisa, slakta Aukrust då Himmelvarden kom ut – som eg har fortalt om tidlegare i denne spalta.
Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han «gjenom hjarte som eit tvieggja sverd». Jan Inge Sørbø har skrive ein biografi som fortel om dette, dei usympatiske sidene ved diktaren. Det fører oss til eit kjent tema i litteraturkritikken: I kor stor grad skal moralen åt diktaren påverke domen vår over dikte-
kunsten hans.
Hulda Garborg balanserer godt i dette spørsmålet i dagboka (6.1.1927) når ho omtalar ein samtale ho har hatt med vener om Aukrust og den siste boka hans, Hamar i Hellom: «Menneskje Aukrust set dei ikkje høgt, ja dei er altid i ekse når dei talar ‘um gåta Aukrust’. Dei er rasande på han for heile hans måte å vera på. Meiner han ikkje er naturleg, men full av tøv og affektation [...]. Diktaren derimot set dei høgt.» Ho skriv så at ho tykkjer «mangt er meir æstetik og spekulation» i dikta hans, men «sume av bygdedikti er yndefulle, sume fulle av urkraft og trollfantasi».
Skaldetankar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.