Diktet

«Oslo by er fattig på songar. 'Tanta til Beate' er ein av dei mest levande vi har.»

Publisert Sist oppdatert

Lillebjørn Nilsen (1950–2024), elska og sakna, kan seiast å vera den sentrale trubaduren i visebølgja som oppstod i hovudstaden i 1960-åra. Alf Prøysen gjekk føre, Alf Cranner kom etter – så oppstod eit levande miljø med Øystein Sunde, Finn Kalvik, Ole Paus, Kari Svendsen, Lars Klevstrand og fleire andre.

Sjølv sa Lillebjørn at han var gitaristen som blei visesongar. Han var dessutan den store pedagogen, med visebøker der nybyrjarar fekk læra seg gitarakkordar og speleteknikk. Lillebjørns gitarbok frå 1973, ny utgåve 1987, er med 18 opplag komen i over 200.000 eksemplar. Lillebjørn Nilsen fekk mange utmerkingar etter kvart – riddar av St. Olavs Orden blei han i 2022. Flotte TV-program finst på NRK.

Oslo by er fattig på songar. «Tanta til Beate» er ein av dei mest levande vi har. Teksten følgjer her i utskrift etter korleis Lillebjørn framfører visa på plata Original Nilsen (1982), der Hot Club de Norvège akkompagnerer. Franske Django Reinhardt er, som vi veit, den suverene meisteren av sigøynarjazz, som Robert Norman overførte til Noreg. D’Angleterre var ein restaurant som låg ved Jernbanetorget. Schweigaards gate og Harald Hårdrådes plass er lokalitetar i Gamlebyen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement