Sjakk
Polsk løyndom
Frå ei løynd treningssamling med Wojtaszek, Gajewski, Harikrishna, tyskaren Keymer og Gukesh.
Foto: @DGukesh på X
Ein VM-kamp i sjakk er ikkje berre ein intens maratonduell mellom to hjernar. Bak spelarane står også to løynde lag med sekundantar, som arbeider eit halvt års tid med opningsstrategiar og konkrete variantar til VM-kampen. Om ein veit kven sekundantane er, vil ein ofte kunna gjetta seg til den generelle opningsstrategien som er vald.
Då Magnus Carlsen slo Vishy Anand i Chennai i 2013, valde han ei ny arbeidsform: Sekundantane var ikkje på plass i India, men arbeidde i Kragerø og kommuniserte med Carlsen gjennom Skype og datafiler. Seinare VM-kandidatar har teke over denne praksisen, som gjev spelaren meir ro. Berre sjefsekundanten er som regel på plass i sjølve spelebyen.
Då indaren Gukesh (18) utfordra den kinesiske verdsmeisteren Ding Liren (32) i Singapore før jul, var det mykje spekulasjon om teamet hans. India har produsert fleire verdsklassespelarar i Gukesh-generasjonen: Erigaisi (21), Praggnanandhaa (19) og Sarin (20). Ingen av dei var i teamet til Gukesh, så rivaliseringa internt i India er nok stor.
Sjefsekundanten til Gukesh var polske Grzegorz Gajewski (39), som tidlegare arbeidde for Vishy Anand, mentoren til Gukesh. Etter VM-sigeren takka Gukesh teamet sitt, mellom anna Jan-Krzysztof Duda (26), den beste polske spelaren, Jan Klimkowski (17) og Radosław Wojtaszek (38). Kremen av polsk sjakk!
Duda spela 300 treningsparti mot Gukesh i dei nye opningane som teamet førebudde. Wojtaszek og teamet leigde ein villa i Spania under sjølve VM-kampen. Tidsskilnaden til Singapore er sju timar, så når Gukesh sov, kunne sekundantane i Spania produsera nye idear til neste dag, som dei serverte Gajewski i Singapore til frukost.
Ei av oppgåvene til Wojtaszek var å analysera oppsummeringane til Carlsen. Kvar dag, like etter partiet, delte Carlsen inntrykka sine med brukarane av appen Take Take Take. Analysane til Carlsen er noko av det mest imponerande eg har sett frå den kanten. Carlsen skjøna psykologien til spelarane betre enn nokon andre, han skjøna betre enn datamaskinane kva som er ein god menneskeleg strategi i ein VM-kamp. Verdstoaren Hikaru Nakamura var òg på plass i studio og skravla i veg, men hadde sjeldan noko substansielt å seia samanlikna med orakelet Carlsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.