Puslete kunnskap
Den tyske filosofen Gottfried Wilhelm von Leibniz (1646–1716) måla av Christoph Bernhard Francke.
Foto: Wikipedia
Vi vassar i uendelege kunnskapsmengder. Siste hundreåra har kunnskapsvoksteren eksplodert. Ingen har oversikt over all kunnskapen lenger. Det finst vitskapshistorikarar som meiner at den tyske filosofen Gottfried Leibniz, som levde på slutten av 1600-talet, var den siste som hadde oversikt over all kunnskapen. Det er det sjølvsagt uråd å vite. Utsegna er kanskje berre eit forsøk på å illustrere kva som har hendt med kunnskapen etter hans levetid.
Men når starta kunnskapsvoksteren? Det er det også uråd å vite. Om vi held oss til moseboka, måtte Adam og Eva og sønene livnære seg med jordbruk då dei vart jaga ut av paradiset. Det vart nok ei bratt læringskurve for å skaffe seg ny og nødvendig kunnskap.
I europeisk historie er det vanleg å starte med dei joniske naturfilosofane som levde i dagens Vest-Tyrkia for 2500 år sidan. Dei fekk det for seg at vi burde studere naturen for å lære han å kjenne. Dei var sterkt i tvil om det var ånder, makter og vette som styrte naturen, slik rådande lære var.
Det er ikkje mykje vi veit om dei, og etter det vi veit, var byrjinga nokså puslete. Ein av dei meinte at vatnet var utgangspunkt for alt. Alt flyt, sa han. Ein annan meinte det var elden. Ein tredje vismann meinte at ingen kunne stige ned i same elva to gonger. Andre gongen var det ei ny elv. Det var nok tida han tenkte på. Her var ikkje mykje handfast.
Men ut frå denne puslete starten voks det fram ein gresk vitskap, den første vitskapen i Europa. Det handla om matematikk, astronomi, fysikk og medisin. Og historie. Herodot og Tukydid skapte moderne historie. Det galdt om, både i natur og historie, å sjå det ein såg og prøve å forstå det.
Om vi følgjer dagens avanserte vitskapar bakover i historia, vil vi ofte hamne hos desse grekarane. Men vi finn også mykje rart på vegen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.