Rasestrid i fjøset

Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.
Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.
Publisert

Tida rundt 1850 vart ei dramatisk tid for norske bønder. Den store verda greip inn og endra norsk jordbruk for all framtid. Og det gjekk fort.

Krimkrigen slutta i 1856. Då vart handelsvegane frå Svartehavet opna, og billeg korn frå Ukraina og Russland fløymde ut over verda. Samtidig var dei store jordviddene i Midtvesten opna for korndyrking. Urfolket var borte, og toget var kome for å transportere kornmengdene ut til havet, der skipa låg og venta. Og frihandel var rådande økonomisk lære.

Dette gjorde det av med norsk korndyrking. Det gamle hovudproduktet var utkonkurrert.

Svaret vart husdyrhald, som det framleis er. Husdyra dominerer i dag norsk jordbruk.

Kyrne fekk hovudinteressa og hovudansvaret. Men kva slag kyr? Nye, importerte rasar, eller dei gamle og heimlege?

Diskusjonen starta, og han kunne bli heit. Egil Simensen skriv om dette i boka Husdyrbruk i Nord-Østerdalen. Telemarksfeet var den første ferasen som fekk offentleg godkjenning og støtte. Det Kongelige Selskap for Norges Vel skipa sju «stamhjorder» av telemarksfe. Telemarksfeet spreidde seg og kom til å dominere i mange austlandsbygder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement