Frå ei anna verd

Rektor Midsem

Anton Midsem skreiv ei rekkje populære bøker om bridge. Her er to av dei.
Anton Midsem skreiv ei rekkje populære bøker om bridge. Her er to av dei.
Publisert

Ein gong var bridge alvor. I spissen for den alvorlege bridgen stod alvorlege menn. Dette var menn med yrkestitlar uløyseleg knytte til namnet sitt: Oberst Brun. Arkitekt Wagle. Overrettssakførar Krefting. I dag: Rektor Midsem. Kan ein tenkje seg noko meir alvorleg enn ein tysklærar tidleg på 1900-talet?

Anton Baltzer Midsem skreiv ei rekkje lærebøker i tysk, var i lang tid rektor ved latinskulen i Ålesund, og sat i det nasjonale undervisningsrådet. Ein profilert skulemann, men òg eit stort namn i bridgen, av somme kalla «Nordens Culbertson», noko som må tolkast slik at han hadde same plass i utviklinga av bridgen i Norden som Ely Culbertson hadde i Statane og internasjonalt.

Det handla ikkje minst om å gjera spelet kjent og populært, noko Midsem særleg gjorde gjennom bridgebøkene sine. I 1925 skreiv han boka Auksjonsbridge, men han gjekk snart over til det meir sofistikerte spelet som verkeleg skulle ta verda med storm, kontraktbridgen.

Bøkene hans om dette emnet kom i fleire opplag og selde i tusenvis av eksemplar, ja, dei fekk til og med meldingar i avisene. Om Spillet i bridge skreiv ein kritikar i Tidens Tegn:

«Man kan gjerne si, at man ved å gjennemstudere en slik bok som Midsems, avanserer fra de meniges grå forvirrede masser til officerenes rekker.»

Det er altså ikkje tvil om at Midsem, ikkje minst som mangeårig medlem av den dominerande og nokså stive Forcingklubben i Oslo, representerte autoritet med stor A i norsk bridge – men han var openbert òg ein dyktig pedagog.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement