Sjakk

Revolusjonær sjakk

Rolf Martens i 1999.
Rolf Martens i 1999.
Publisert Sist oppdatert

Fyrste gongen eg høyrde om han, var i Hallsberg i 1987–88. Kvar romjul inviterte dette jernbaneknutepunktet der ingenting skjedde eller kunne skje, til ei internasjonal juniorturnering. Her fekk eg sjå stensilane som sirkulerte i den svenske eliten. Han synte seg sjeldan offentleg, spela nesten aldri sjakk, men kor god var han eigenleg? Eit halvt år seinare fekk vi svar.

Det var ei lang natt i Norrköping. Rolf Martens hadde lim på fingrane, som elles var permanent gule av tobakk. Han hengde opp plakatar for kjernekraft. Folk måtte jo skjøna at framgangen i samfunnet og for arbeidarklassen gjekk gjennom tungindustrien. 20 år tidlegare vart han ekskludert av kommunistpartiet for både høgre- og venstreavvik.

Martens, på sitt beste nummer 62 i verda, hata sovjetimperialismen intenst og unngjekk kontakt med sovjetiske sjakkstjerner. Åleine i Norrköping-natta møtte Martens på slump ein sjakkspelar som kjende han att: Martens vann jo lynsjakk-SM i 1966. Og i 1967 vart han svensk meister i langsjakk, den einaste gongen han deltok.

Dei to sjakkspelarane klistra plakatar gjennom natta og drog om morgonen direkte til SM i lynsjakk. Martens hadde framleis ein ungdommeleg glød i blikket. Han var den distré kjederøykjaren som under eit lynparti kunne ha ein sigarett bak øyret, ein annan i det andre øyret og ein tredje i munnvika.

Etter eit dramatisk finaleparti vart Martens nok ein gong svensk lynmeister, som 22 år tidlegare. Han koketterte med at sigeren ikkje var viktig, det var kjernekrafta som galdt, men, som han sa: «Klisteret på fingrane gav meg eit djevelsk grep om brikkene!»

Hovudgrunnen til at Martens sette seg ved brettet, var ein annan: Gjennom fleire tiår hadde han utvikla eit revolusjonært opningssystem, UHCA (Ultra Hypermodern Counter Attack), som han no måtte testa ut. Martens førte ein ideologisk kamp mot tradisjonalistane og imperialistane i opningsteorien. UHCA, eit paraplykonsept for eit dusin nye opningar, eksisterte som stensilar frå hand til hand og seinare i avkrokar på nettet. Ingen i sjakkhistoria har kjempa med ein slik energi mot autoritetane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement