Riskorn på 64 felt

Publisert

Menneskeleg intuisjon kjem til kort ved fleire høve som logisk og matematisk sett ikkje er altfor vanskelege. Eit kjent døme er legenda om riskornet, som finst i fleire variantar (havre, kveite og bortetter). Legenda er særs aktuell i koronatider.

Sjakkspelet oppstod i India for om lag 1500 år sidan. Ein indisk fyrste var imponert over kor rikt og variert det nye spelet var, og ville takka oppfinnaren personleg. Bak sjakkspelet stod ein vis mann, i enkle klede, som levde av gåver frå tilhøyrarane sine.

– Eg er rik nok til å oppfylla ditt største ynske. Sei kva du ynskjer, og det skal skje, sa fyrsten.

Den vise mannen bukka for fyrsten og vart tyst.

– Men ikkje ver smålåten, sa fyrsten.

– Gje meg ein dag, så skal eg koma med eit ynske, sa vismannen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement