Kunnskap

Rotter er intelligente og sosiale og har mange fysiologiske likskapar med menneske.

Brunrotta, med opphav i Asia, er ein ekte verdsborgar med det litt ufortente latinske namnet Rattus norvegicus.
Publisert Sist oppdatert

Det er få dyr som har dårlegare ry enn rotta. Rotter kan gnage seg inn og øydeleggje hus og matforråd, dei invaderer byane våre, der dei trivst på søppelplassar og nede i kloakkane. 

Dei er ureinslege og feige og har ein ekkel, hårlaus hale. Sjukdom følgjer i dei skitne spora deira, det skulle vere nok å nemne svartedauden, bakteriesjukdomen som på hundre år tok livet av ein tredel av befolkninga i Europa.

For å vurdere innhaldet i alle skuldingane mot rotta kan det vere på sin plass å sjå litt nærare på rottene sin biologi og naturlege levevis. Rotter finn vi over heile verda, i alt 61 ulike artar. Dei er i hovudsak planteetarar som liker frø av ulike slag. Ettersom dei spreier plantefrø og grev gangar i jorda, er mange av rotteartane viktige nyttedyr i det lokale oppvekstmiljøet sitt. Rotter kan òg vere meir aggressive altetarar, med fisk, egg og småfuglar på menyen.

Sosialt liv

Det er særleg to rotteartar som har vist seg som tilpassingsdyktige, invaderande og skadelege dyr, litt på same vis som vi menneske. Så når vi snakkar om rotter, meiner vi vanlegvis svartrotta (Rattus rattus) eller brunrotta (Rattus norvegicus), båe to opphavleg frå Midtausten. 

Svartrotta, som spreidde pesten i mellomalderen, er minst og mest folkesky. Den litt større brunrotta har etter kvart blitt den vanlegaste rottearten både i Europa og i Nord-Amerika. I Noreg har brunrotta utkonkurrert svartrotta heilt, men namnet norvegicus fekk brunrotta fordi folk i England på 1700-talet meinte brunrottene hadde kome dit med lasteskip frå Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement