Frå historia
Så juksar me litt
Fjøskontrolløren fra Aktiemeieriet vitjar gardsnummer 3006, bruksnummer 4 Søndre Småberg. Her er han (unemnd, i vest med kvit skjorte), fotografert sammen folka på garden kring 1930. Fjøskontrolløren fra Aktiemeieriet vitjar gardsnummer 3006, bruksnummer 4 Søndre Småberg. Her er han (unemnd, i vest med kvit skjorte), fotografert sammen folka på garden kring 1930.
Foto: Varteig Historielags fotosamlingFoto: Varteig Historielags fotosamling
Det var den gjennomheiderlege Ingrid Espelid Hovig som juksa framfor alt folket i beste sendetid på NRK. Men ho sa frå om det og berga ære og heider.
Ho skulle få ferdig ein matrett på den sendetida Fjernsynskjøkkenet hadde til rådvelde. For å greie det måtte ho gjere ferdig delar av matretten på førehand og setje desse delane i kjøleskapet. Når ho trong dei, kunne ho berre hente dei fram. Og hokuspokus, så fekk ho ferdig ein matrett på avsett tid, fordi ho hadde tjuvstarta, før sending.
Ho hadde juksa og sa frå om det. Det er ikkje alle som juksar, som seier frå.
Internasjonal toppidrett er full av juks av mange slag, som doping og målejuks. Gevinsten ved jukset, om det ikkje blir oppdaga, er stor.
Internasjonal toppfotball badar i tvilsame pengar, frå oligarkar i mange land: Russland, USA, arabarstatar. Fotballforbunda prøver å halde auge med pengestraumen, overgangsprisar og den slags, utan å lukkast.
Store stjerner blir tatt i grov skattesvindel. Toppidrett er ei økonomisk gjørme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.