JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Frå sjakkverda: Herre i eige hus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Sjakklubben Stjernen sit sjakken i veggane.

2051
20231208
2051
20231208

Sjakken har alltid vore fattig. Ein sjakklubb har som regel null gjeld og null eigedom. Klubben er berre summen av medlemene. Når medlemene forsvinn, forsvinn klubben. Slik er foreiningslivet i Noreg.

Sjakkspelarar møtest diskret på kveldstid der ingen skulle tru at nokon spela sjakk: Kva gjer du på eldresenteret vårt, du er vel ikkje så gamal? Kom deg ut av klasserommet, skulen er stengd!

Med det finst ei handfull unnatak: sjakklubbar som eig sitt eige lokale. Det er berre då ein får ei kjensle av at sjakken sit i veggane, at sjakklokalet har sjel. I Noreg har vi Bergens Schakklub og Oslo Schakselskap. Jamvel stavinga av klubbnamna har sjel, rett nok som ein arv frå høgborgarskapet i storbyane.

Har «fotfolket» – bøndene på sjakkbrettet er eigenleg fotsoldatar – òg fått seg husly? Ja, Sjakkklubben Stjernen på Grünerløkka er herre i eige hus – og fyller 100 år i år.

Den mest kjende spelaren i klubben var André Bjerke, som var medlem i sju år på 1950-talet då klubben leigde lokale i Folkets hus på Dælenenga på Grünerløkka:

I syv år lå magneten der og trakk:/ der holdt min sjakk-klubb til. I trappoppgangen / var ingen kruttsvidd fanes lukt, men angen /
av innkokt kaffe, turnsko, salmiakk.

Det var austkantromantikk over Stjernen den gongen. Bjerke nemner sjølv ånda frå Rudolf Nilsen i sjakkmemoarane sine. Det var grått ute og grått inne, der menn i enkle gråe dressar satt bøygde og dampa over sjakkbretta: «I livets ramme dufter trives sjakk […] i tette skyer av tobakk.»

Så skjedde det vedunderlege at Stjernen kunne kjøpa sitt eige lokale, på gateplan i Seilduksgata, kalla opp etter Christiania Seildugsfabrik ved Akerselva.

Som alle veit, er det ei ny tid no. Grünerløkka er for lengst den hippaste og kulaste plassen i landet (på godt og vondt). Det er røykjeforbod i Stjernen og allstad. Klubben har det beste sjakkmiljøet i landet for kvinner. Ei blanding av unge hipsterar og klassiske sjakkoriginalar set farge på hundreåringen.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis