JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Kva er kvalitet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høg kvalitet frå årets unge noregsmeister Aksel Bu Kvaløy.

Foto: Anniken Vestby

2254
20240802
2254
20240802

Det er eigenleg merkeleg at ekte sjakkspelarar alltid skjønar seg på kvalitet. Altså ordet kvalitet. Kvalitet kan vera så mykje, men det er aldri nokon tvil hos sjakkspelarane. Men eg trur nok mange TV-sjåarar og avislesarar er i stuss om kva som er kvalitet.

«Kvaliteten» kan avgjera kampen om ein tittel. I sumar vart 15 år gamle Aksel Bu Kvaløy frå Stavanger sensasjonelt noregsmeister «på kvalitet» føre stormeister Frode Urkedal (31). Båe spelarane tok 6,5 av 9 poeng, men tenåringen fekk kongepokalen av di motstandarane hans hadde teke fleire poeng på dei ni rundane enn motstandarane til Urkedal. «Kvalitet» er her altså nivået/resultata til motstandarane ein har hatt i turneringa.

Men i spel på sjakkbrettet er «kvalitet» noko heilt anna. Dei vanlege uttrykka er «å ofra/bukka kvalitet» eller «å vera (stå) kvalitet over/under». «Kvalitet» er her alltid eit tårn mot anten ein laupar eller springar. I prinsippet er eit tårn sterkare, om lag 5 poeng, medan ein laupar/springar er 3 poeng. Å bukka (mista) kvalitet på høgt nivå vil difor føra til tap. Men det finst nokre unnatak der ein sterk spelar med vilje ofrar kvalitet. Bondestillinga kan vera fastlåst slik at lauparen eller springaren faktisk er sterkare enn tårnet.

Ideen om kvalitetsofferet er ganske ny. Ein skjøna ikkje dette på 1800-talet. Dei fleste røynde sjakkspelarar assosierer kvalitetsofferet med den armensk-sovjetiske verdsmeisteren Tigran Petrosjan (1929–1984), som ofte nytta kvalitetsofferet for å setja opp ei festning og verja seg mot åtak. Han var kan henda den beste forsvarsspelaren i historia, kjend for profylaktisk spel (å stogga planane til motstandaren). Petrosjan budde i Moskva, og på toalettet i sjakklubben skal nokon ha skrive: «Her fann Petrosjan opp kvalitetsofferet.»

Likningsfunksjonæren Nikolas Mellem frå Våler i Hedmark har bakgrunn frå Polen og er den i Noreg som djupast har studert historia til kvalitetsofferet. Han meiner at Petrosjan ikkje var den fyrste, men at ideen om kvalitetsoffer dukka opp i sovjetiske turneringar alt på byrjinga av 1940-talet, særleg i partia til David Bronstein (1924–2006) frå Kyiv.

Dette er kvalitet. Alt anna prat om kvalitet er synsing.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis