Frå sjakkverda

«Sjakken er som livet. Når verda går av hengslene, fylgjer sjakkverda etter.»

Carlsen, utan hjelm, i tidsnaud i Budapest, på leiting etter spelelokalet.
Carlsen, utan hjelm, i tidsnaud i Budapest, på leiting etter spelelokalet.
Publisert

I førre veke tapte Christopher Yoo (17) mot Fabiano Caruana i USA-meisterskapen. Ungguten svara med å gå til fysisk åtak på ei ukjend kvinne i lokalet. Politiet kom, og Yoo er ferdig i sjakken.

Nokre dagar tidlegare vart Kirill Sjevtsjenko (22), det største ukrainske talentet på ti år, teken i mobiljuks på toalettet. Han er ferdig.

Verdsmeisteren Ding Liren (32) har ikkje vunne eit klassisk sjakkparti sidan januar i år. Ingen verdsmeister i historia, 17 i talet sidan 1886, har vore like dårleg over så lang tid. Den altfor sympatiske kinesaren er deprimert og har fått ein psykisk knekk. Eg trur han er ferdig i toppsjakken.

Skandalemakar Hans Niemann (21) har fått ein ny mentor, den meir og meir rabiate eks-verdsmeisteren Vladimir Kramnik. Russaren skuldar «alle» for juks (med unnatak av Niemann?) og finn sanninga langs aksen Putin–Trump.

I denne verda av galskap ler Magnus Carlsen heile vegen til banken og nyt livet. Han skal flytta til varmare strøk og spela golf. Under ei sjakkshowturnering i London tidlegare i månaden spela han poker om kvelden med den ferske nobelprisvinnaren i kjemi, KI-guruen og sjakkspelaren Demis Hassabis. Carlsen er kan henda framleis best i klassisk sjakk, men han synest ikkje lenger ha nokon store ambisjonar der.

Carlsen var likevel god og solid for Noreg i sjakk-OL i september, men størst oppsikt vekte episoden då han på sjarmerande vis sykla seg vill i eit apokalyptisk regnvêr i Budapest og ved eit under ikkje tapa på tid mot Colombia (han vann partiet, drypande våt).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement