Frå sjakkverda

Sjakkmat

No et Carlsen òg bananar. Her frå ein lagkamp sist laurdag då klubben hans, Offerspill SK, vann Europacupen i Albania.
No et Carlsen òg bananar. Her frå ein lagkamp sist laurdag då klubben hans, Offerspill SK, vann Europacupen i Albania.
Publisert

Eg las Proust for 30 år sidan. Eg hugsar ikkje stort, eigenleg hugsar eg berre madeleinekaka. Men det kan like gjerne vera ein meta-hugs, eg hugsar at alle pratar om kaka som i litteraturen vart ein metafor for nostalgi, om korleis sansane vekkjer opp att minne om ei tapt tid.

Kva har ei sjakkspalte å gjera med Proust? Jau, det ukrainske geniet Vasilij Ivantsjuk lånte ein gong av den russiske verdsmeisteren Vladimir Kramnik det siste bandet i serien På sporet av den tapte tid. Ivantsjuk tykte boka var god, men uendeleg keisam. «Eg lærte mykje om Kramnik gjennom Proust. Eg skjøna at for å verta verdsmeister må ein meistra og akseptera det keisame.»

Men kva er sjakkens madeleinekake? Det må vera noko som tek oss attende til ei tid som var, før internett og lynsjakken tok over. I dag rekk ein jo ikkje å eta noko som helst. Det fyrste eg hugsar, er isbitane frå isvatn-maskinen på Gausdal Høgfjellshotell, sjakkens Mekka i 1980-åra. Sjakkpartiet varte i fem–seks timar, og det surkla i isbitar over sjakkbretta. Den kollektive ljoden frå isbitane var den nordiske sjakkeliten som tenkte over neste trekk.

Hos vesle Magnus på byrjinga av 2000-talet stod rosinpakka ved sida av noteringsskjemaet og følgde han fram til han var i verdseliten. Læremeisteren Simen Agdestein åt heller grøne druer, som han slafsa i seg så kraftfullt at domaren Lahlum ein gong måtte gripa inn.

Men øvst på lista står bananane. Bananar er så stille, dei er aksepterte av alle som konkurrerer i å tenkja. Ein gong, under ein lagkamp, studerte Agdestein stillinga til lagkameraten sin før han tok bananen hans som låg ved noteringsskjemaet. «Eg treng bananen, han taper same kva», sa Agdestein til lagleiaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement