Frå sjakkverda

Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.

Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Publisert Sist oppdatert

Sex er aldri eit tema for dei klassiske sjakkheltane til Nabokov eller Zweig. Hos den fine islandske forfattaren Jón Kalman Stefánsson vert det gjort eit poeng av at den einaste karakteren i romanen Sommerlys som ikkje har sex, er islandsk meister i postsjakk.

Men endeleg, no i haust, tok ei kjenslevar kvinne for seg sjakknerden. Irske Sally Rooney (33) er eit fenomen. TV-serien Normal People var bygd på romanen hennar med same tittel, og vart ein global suksess under pandemien. På den tida byrja mannen til Rooney å spela sjakk på nettet, og ho vart sjølv fascinert av denne nye verda.

Rooney er kjend for naturlege dialogar og ei erotisk spaning i teksten. Årets bok Intermezzo skal vera den beste av dei fire romanane hennar, ifylgje kritikarar som Erlend Loe i Aftenposten. Eg las med glupsk appetitt omsetjinga til Hilde Rød-Larsen, som kom samstundes med den engelske originalen i ei storstila internasjonal lansering.

Vi fylgjer to brør. Advokaten Peter på 32 år og den ti år yngre broren, «sjakkgeniet» Ivan. For advokaten dominerer dop og sex i kvardagen. Hos Rooney er dei «normale menneska» alltid ganske vakre, og utruleg nok gjeld det også sjakkspelaren. Ivan er keitete, ja vel, men ikkje uinteressant for vakre Margaret, ei eldre, gift dame.

Kapittel og synsvinkel vekslar mellom brørne. Språket er stakkato og hektisk hos advokaten, eit liv eg ikkje kjenner meg att i. Eg likar mykje betre sjakkbroren, det rolege tempoet hans. Sjakken er truverdig. Ivan er akkurat like god i sjakk som eg var på den alderen (Fide-meister). Han vurderer å droppa ut av sjakken «i likhet med så mange mislykkete, håpefulle, med den stusselige FM-tittelen mer som en beskjemmelse enn en anerkjennelse».

Men han kjempar vidare på jakt etter IM-tittelen, men fyrst og fremst i ein eksistensiell kamp mot broren, som håner han for møta med Margaret. Det dampar av forholdet til Margaret. Rooney lukkast skildra det ingen mannlege forfattarar har klart i sjakkromanane sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement