Sjakk

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Publisert

D? Kva er det? Ja, dei skriv så. D utan punktum. Det er ei forkorting av familienamnet «Dommaraju», men altså utan punktum, i språket telugu. Sjakkverda kjenner han gjennom fornamnet Gukesh. Både mor og far hans har tittelen «dr.» føre namnet sitt. Dette er den øvre intellektuelle middelklassen i Chennai, heimbyen til Anand, idolet til millionar av indiske sjakkspelarar.

Gukesh er berre eitt av fire–fem indiske vedunderborn i geniklassen. Han vart stormeister tolv år og sju månader gamal (Carlsen var ni månader eldre då han fekk tittelen). Gukesh hadde då i lang tid sagt at målet var å verta verdsmeister. Far hans trudde på den vesle guten og sa opp jobben som kirurg.

Ekspertane var skeptiske til 17 år gamle Gukesh før kandidatturneringa i Toronto no i april. Carlsen hadde mykje meir tru på den indiske 18-åringen R Praggnanandhaa, som òg var i feltet. «Gukesh vil mest sannsynleg gjera ei dårleg turnering», sa ein ærleg verdseinar. Då Gukesh spela det siste og avgjerande partiet i turneringa, med svart mot Nakamura, kommenterte Carlsen direkte: «Eg likar ikkje det siste trekket til Gukesh.» Men så gjekk det ti minutt, og det kom eit nytt trekk frå Gukesh: «Dette er særs imponerande, no skjønar eg ideen hans», sa Carlsen.

Gukesh vann kandidatturneringa føre gigantane Nakamura, Nepomnjasjtsjij og Caruana. Til hausten skal 17-åringen utfordra verdsmeisteren Ding Liren. Som dei to spelar no, vert indaren favoritt. Kinesaren kommenterte korrekt: «Gukesh syner ein utruleg mogenskap for alderen.»

Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet. Det hjelper sjølvsagt at guten i fleire år har hatt heilskjegg. Han pratar med ei ro og ein intelligens ein elles sjeldan høyrer. Gukesh held seg borte frå sosiale medium, han er ikkje eit barn av vår tid. Han spelar lite sjakk på nettet, er (relativt) dårleg i lynsjakk, men med fysiske trebrikker og lang tenkjetid er han nærast perfekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement