Sjølvmordsskvis og saksekupp
Frå ei bridgespalte på 1930-talet. Diagrammet fortel om høgdramatiske hendingar.
Kva vil det eigentleg seia å kaste bak blindemann? Å balansere i utdøyande? Å fiske etter dama?
Dag og Tid-redaksjonen skal ha ros for å vilja ta inn ei bridgespalte. Her går avisa mot straumen, for dei seinaste tiåra har det motsette skjedd i mange aviser: Bridgespalter har vorte nedlagde over ein låg sko. I mange tilfelle med kaldt blod, dyktige bridgejournalistar har fått avskil på grått papir. Andre aviser har utnytta ei lita opning når bridgespaltisten har døydd eller hamna i fengsel, til å la bridgespalta gå ut fyrst mellombels, så permanent. Deretter har dei fylt opp det vesle hjørnet der bridgen brukte å ha sin plass, med reklame – gjerne for eiga avis.
Tradisjonelle bridgespalter, med analyse av eit gjeve bridgeproblem som hovudsak, er diverre lette offer for sjikane på grunn av det blømande språket: «… sake ein ståande kløver…», «… skvise vest i dei spisse fargane…», «… bli strippa for frikort…». Det utrena auga vil her sjå rein surrealisme, usamanhengande tankespinn i ein delirisk hjerne. Ein avisredaktør som tenkjer profitt, vil sjå verdifulle spaltecentimeter øydsla vekk på noko som nær ingen kan forstå. Endå tallause menneske rundt om i Noreg har ein viss overflatisk kjennskap til bridge og slik sett er rusta for å få litt meining og demensførebyggjande hjernetrim ut av eit speldiagram og ein liten analyse.
I alle høve skal eg avstå frå å nytte den mest esoteriske sjargongen her i Dag og Tid, sjølv om eg naturlegvis døyr av lyst til å fortelja dykk om det som skjedde i førre krinskamp i Soknedal. Vel, berre ei rask oppsummering, då: Makkeren min pressa oss opp i ein altfor hard storeslem. Kontrakten stod ved å bruke ein kinafinesse til å kappe opp kløver dame, og deretter utsetja motparten for eit klassisk djevelkupp. Men den kortblinde amatøren leid av akutt stikkvegring og gjekk både beit og æresbeit. Eg er framleis i sjokk.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.