Frå bridgeverda

Sjuke ting

Førehandsavtala, hemmeleg informasjonsutveksling er den grøvste forma for juks i bridge.
 

Å hoste i korta kan vere ein måte å jukse på.
Publisert Sist oppdatert

Når vinteren er på hell og mange har vore sjuke, kan det høve å sjå på eit særleg alvorleg tilfelle av hoste.

Gynekolog og fødselslækjar Entscho Wladow og allmennlækjar Michael Elinescu var eit smilande og sympatisk eldre makkerpar som i mange år spela godt. Så også i VM for seniorlag på Bali i 2013, då dei drog Tyskland til finale mot favoritten USA.

Det gjekk alt visse rykte. Eddie Wold på det amerikanske laget var difor ekstra årvaken då kampen byrja, og det fyrste han la merke til, var all hostinga til «dei tyske lækjarane», som dei vart kalla. To røynde lækjarar, ute av stand til å kurere eigen hoste, og det på ein varm stad som Bali? Mystisk. Wold tykte òg at sjølve måten dei hosta på, verka lite truverdig. På diskré vis noterte han det kvar gong dei hosta, og han konstaterte at dei berre gjorde det akkurat idet dei tok korta sine ut av mappa.

Tevlingsleiaren analyserte Wolds funn og fann eit større mønster: Lækjarane hosta for å syne singleton, altså berre eitt kort i ein sort. Éin gong for singleton kløver, to gonger for singleton ruter, og så bortetter. Ingen singleton, ikkje host. Slik førehandsavtala, hemmeleg informasjonsutveksling er den grøvste forma for juks i bridge.

Det vart installert kamera ved bordet; det er ikkje heilt uvanleg med videooverføring frå viktige bridgekampar. Hostinga heldt fram.

Tyskland vann kampen. Det tok nokre månader å klårgjera saka mot Wladow–Elinescu, men dømde vart dei, både i internasjonale bridgeinstansar og av sitt eige forbund. VM-gullet gjekk altså til USA, og lækjarane miste retten til å spela organisert bridge i lang tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement