JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

2456
20240913
2456
20240913

Det er ikkje Magnus Carlsen (33) si skuld at han er så suveren. Dei mange snøggsjakkturneringane han vinn på nettet, er rett og slett litt keisame. Imponerande, sjølvsagt, men ein har sett det hundre gonger før (bokstaveleg talt).

Før Speed Chess Championship var eg likevel «gira». Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera. Dei fire spelarane var fysisk til stades i Paris, men paradoksalt nok sat dei med kvar sin datamaskin i same rom. Det kallast e-sport, slik ungdomen likar. Seansen var heller parodisk. Arrangøren Chess.com, eit av dei største selskapa i Internett-verda, fekk problem med alt frå datamusa til spelarane til tofaktorautentiseringa til Carlsen. Verdseinaren kom ikkje inn på PC-en han skulle operera, av di han ikkje hadde teke med seg mobiltelefonen som kunne verifisera identiteten hans. Difor sat ein million tilskodarar verda over og venta i 20 minutt før fyrste parti kunne byrja.

I finalen møtte Carlsen franskmannen Alireza Firouzja (21). Firouzja hadde vore heilt overlegen i semifinalen mot nettsjakk-spesialisten Hikaru Nakamura (36), så sjakkverda forventa ein spanande duell mellom kongen og kronprinsen av lyn­sjakk. Men Carlsen, meir skjerpa enn på lenge, øydela snøgt all spaninga og vann 23,5–7,5, med heile 16 poengs margin. Resultatet er blant dei aller sterkaste i sjakkhistoria.

Då var det meir nerve i semifinalen to dagar tidlegare der Carlsen møtte Hans Niemann (21), den einaste sjakkspelaren ikkje-sjakkspelarar har høyrt om. Etter jukseskandalen for to år sidan og milliardsøksmålet frå Niemann har Carlsen nekta å spela mot amerikanaren. Niemann har vore utanfor det gode selskap, men har hatt ein oppsiktsvekkjande ratingframgang gjennom private maratonduellar arrangert av selskapet hans, GMHans.com.

Nederlendaren Anish Giri, som er godt etablert i verdseliten, var eit av offera no i haust. «Eg skjøna snøgt at det ikkje var noko eg kunne gjera», sa Giri etterpå. Før Carlsen møtte Niemann, gav Giri ei sarkastisk råd til den unge rebellen om å «oppdatera seg» med den nye versjonen Stockfish 17. Det er tydeleg at Giri reknar amerikanaren for ein juksemakar. Men i Paris må Carlsen ha fått garantiar frå Chess.com om tryggleiken. Vi såg ein annan Niemann. Han var god, men spela som eit menneske, og tapte heiderleg 12,5–17,5.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis