Frå historia

Skjeletta fortel

I 1996 leverte rektor ved Universitetet i Oslo Lucy Smith hovudskallen til leiaren for Kautokeino-opprøret, Mons Somby, til Kirstin Biti Johansen, leiar for Samisk kulturminneråd.
I 1996 leverte rektor ved Universitetet i Oslo Lucy Smith hovudskallen til leiaren for Kautokeino-opprøret, Mons Somby, til Kirstin Biti Johansen, leiar for Samisk kulturminneråd.
Publisert

Skjeletta, beingrinda, er det mest varige av kroppen vår. Om vi kjem heile i jorda etter å ha fullført livslaupet vårt, vil beina bli liggjande i grava vår i hundreår, kanskje tusenår.

Difor er skjelettfunn rike historiske kjelder. Dei fortel om kroppsstorleik. Kor lange var dei? Dei fortel om helse, sjukdom og kosthald. Kva døydde dei av? Kor gamle vart dei? Tennene fortel om det. Var døden fredeleg eller valdeleg? Var det hogg mot bein og skalle? Pil i brystet?

Vitskapen har gjort store framsteg i skjelettforskinga, for å få skjeletta til å fortelje soga si. No kan skjeletta tidfestast og daterast nokså nøye. Alt levande har ein liten konsentrasjon av den radioaktive karbonisotopen 14C i seg. Når vi døyr, vil denne isotopen gradvis brytast ned. Halveringstida, den tida det tek å bryte ned halvparten, er 5730 år. Ved å måle kor mykje av denne isotopen som er att, kan ein fastslå alderen på skjelettet og når skjeletteigaren levde.

No har vi også fått tilgang på DNA-analyse. Ved å ta ein prøve kan ein fastslå slektskap mellom skjelett og kvar dei kan ha kome frå.

I vitskapstidskriftet Apollo frå Universitetet i Oslo har Yngve Vogt ein stor artikkel om skjelettforsking og skjelettsamlingar. Universitetet i Oslo har åleine 9000 hovudskallar og skjelett i samlinga si.

Slike samlingar er ikkje uproblematiske. Frenologien var ein vitskap som ville lese mykje ut av hovudskalleforma. For frenologien var samane svært interessante. Det var gjerne urfolk som måtte levere materiale til den slags vitskapar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement