Diktet
Skogane brenn på alle verdas fjell, og elvene kokar vekk, jordskorpa rivnar, sjøvatnet søkk.
Etsing: Ukjend kunstnar
Den romerske poeten Ovid (43 fvt.–17 evt.) har hatt enorm innverknad på den vestlege litteraturhistoria, og i Noreg er han blitt lesen sidan mellomalderen. Den nye gjendiktinga til Thea Selliaas Thorsen er likevel den første fullstendige utgåva av Ovids massive diktverk Metamorfoser på norsk. Det episke diktet strekker seg over 566 sider, og fortel på versemålet daktylisk heksameter om korleis verda oppstår og blir forvandla.
Utdraget over fortel om dei apokalyptiske etterverknadene av at den unge Faeton låner solvogna til Apollon. Faeton er son av Apollon, men han kjenner seg ikkje anerkjend av faren. Derfor oppsøker han Apollon (som altså køyrer vogna som dreg sola over himmelen kvar dag) for å be om eit teikn på at han er «ektefødt avkom». Kva som helst, svarar faren, og Faeton ber om å få køyre solvogna.
Det er sjølvsagt overmot! Men fordi Apollon har lova og Faeton ikkje lèt seg overtale til å gi slepp på tanken om pappas gullbil, må han få lov. Han klarar ikkje kontrollere vogna, og slik tenner han på heile jordkloden. Skogane brenn på alle verdas fjell, og elvene kokar vekk, jordskorpa rivnar, sjøvatnet søkk. Jorda sjølv ropar om hjelp: «Dersom polene brenner,/ da går din borggård til grunne», minner ho Jupiter om. Og han, som er den øvste guden, endar så Faetons ferd og liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.