Diktet
«Slektsforteljingar, lokalhistorie, legender, gjenfortalde av all slags folk, er kultur og identitet.»
Foto: Eva Lene Gilje Østensen / Kolon forlag
I eit føredrag som ligg på YouTube, snakkar den palestinske poeten og akademikaren Refaat Alareer (1979–2023) om verdien av munnleg overleverte forteljingar, særleg for folk som er undertrykte, fordrivne eller i eksil. Slektsforteljingar, lokalhistorie, legender, gjenfortalde av all slags folk, er kultur og identitet. Gjennom bestemora sine forteljingar, som han har levd seg inn i og sett for seg, kan Alareer kjenne att korleis det er å dyrke jorda på eit landområde som familien vart fordriven frå i 1948, lenge før han vart fødd. Landet lever i han.
Eg tenkjer på orda hans når eg les dette diktet av Pedro Carmona-Alvarez, henta frå boka Inventarium (2020). Også her har ei stammor fortalt om ein stad så ofte eller livaktig at eget kan kjenne seg att når hen kjem dit. Forteljingane til mora skapar ein identifikasjon ikkje berre med staden, men også opplevingane hennar der: «søsteren hun mistet».
Det er eit oppramsande dikt, slik dikta til Carmona-Alvarez ofte kan vere: myldrande, fulle av ting, folk, rørsle, tankar. Lesaren ser for seg tablået: «mors fødeby». Men det er også eit lydleg dikt. Særleg i den første strofa er lydlikskapane og -vekslingane fine: «nyrer og murer og lyktestolper/ nykjemmede gutter», eller det plutselege rimet «setninger som forsvant/ gatene liksom rant».
I det myldrande diktet finst også eit forteljande driv, ei historie om mora og systera hennar, ei historie om å arve historiene og smerta til foreldra våre. Men også stadane, orda, kulturen.
Hjemkomst I (utdrag)
Jeg kom frem til mors fødeby om ettermiddagen
det luktet nybakt brød, søppelbilens skygge
som en skranglete fisk ved kjøttmarkedet
lukten av salmiakk, blod og jern
nyrer og murer og lyktestolper
nykjemmede guttunger på vei
til en presteskole, over meg var himmelen
blå og kludret til med setninger som forsvant
gatene liksom rant, som om hushjørnene
var flytende, som om luften var en tynn stråle
vann som la seg i øynene
som om jeg hele tiden gråt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.