Diktet
«Songen følgde Erik Bye heile livet.»
Foto: Aktuell / NTB
Erik Bye (1926–2004), fødd i Brooklyn i New York, var ein nasjonal hovding som etter fleire år som journalist i USA og England stod fram som ein leiande TV-personlegdom hos oss. Han hadde faste laurdagsprogram i fjernsynet, der han fokuserte på utesiglarane, indianarane, norskamerikanarane, dei forfordelte i samfunnet – han vart riddar av St. Olavs Orden i 1978. I tillegg til mykje anna ærevising han fekk.
Han var son av operasongaren Erik Ole Bye – og songen følgde han heile livet, ofte i samarbeid med pianisten og komponisten Willy Andresen. Den siste omfattande turneen deira var var så seint som i 2002. Rundt tjue platealbum er spelte inn. «Vårherres klinkekule» vart lansert på Gammel er min fjord (1974), med melodi av Finn Ludt – songen finst på YouTube.
Klinkekule er ei lita kule av glas eller porselen. Songen seier: «solen tente lyn i farget glass» (strofe 2); «Den lille blå!» (strofe 6). Kloden vår er blå, som vi hugsar frå dei første fotografia frå måneferda i 1969.
På Bjørnsonfestivalen 2017 vart «Vårherres klinkekule» kåra til «Norges beste sangtekst etter 1945». Her er han sitert etter diktsamlinga Fløyterens hjerte (1993). Munnspill under åpen himmel (1966) og Spinn mitt hjul (1971) er sjølvbiografiske prosabøker. Det finst to biografiar om han – Arvid Bryne skreiv Hildringstimen (2001), Asbjørn Bakke skreiv Erik Bye (2017).
Erik Bye hadde ei levande røyst og ein direkte kontakt med salen, der publikum (liksom) vart dregne inn i sceneframføringa hans. «Vårherres klinkekule» syner korleis Erik Bye kunne utarbeide ein tekst, når først utgangspunktet var der. Dette er neppe modernisme, men det er heller ikkje gamaldags. Vår utsette klode er eit levande tema hjå Erik Bye.
Vårherres klinkekule
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.