Sovjetisk honningFor nokre år sidan kommenterte Carlsen at Anand i eit parti «udogmatisk hadde bytt ein ‘god’ springar mot ein ‘dårleg’ laupar på same vis som Flohr i partiet mot Goldberg i Moskva i 1949». Kven hugsar remispartiet til Flohr, som elles ikkj
For nokre år sidan kommenterte Carlsen at Anand i eit parti «udogmatisk hadde bytt ein ‘god’ springar mot ein ‘dårleg’ laupar på same vis som Flohr i partiet mot Goldberg i Moskva i 1949». Kven hugsar remispartiet til Flohr, som elles ikkje var noko å leggja seg på minne? Kven var eigenleg Flohr – og kva gjorde han i Moskva under Stalin?
Salomon Flohr vart fødd i ein ukrainsk-jødisk familie med åtte born. Foreldra og seks av borna døydde i pogromar mot slutten av den fyrste verdskrigen, men «Salo» og storebror Moses kom seg til det nye landet Tsjekkoslovakia i 1918. Det var eit lukkeleg val for vesle Salo, som lærte sjakk og vart ei verdsstjerne ti år seinare.
I 1930-åra fekk Flohr fleire invitasjonar til Sovjet, der han møtte ein luksus han aldri hadde sett. Han fekk alt han peika på. Men samstundes vart han sjikanert i sovjetpressa: Tsjekkaren spela «borgarleg og materialistisk» sjakk (kva no det tyder), medan sovjetikonet Botvinnik representerte den perfekte nye sovjetisk-vitskapelege sjakken.
Ein dag i Moskva var Flohr på veg mot Bolsjoj-teateret. Utanfor teateret vart han resolutt stoppa av ei vakker ung kvinne som lurte på om han hadde ein ekstra billett. «Det kan eg vel fiksa», sa Flohr. Ein time seinare sat dei to i ministerlosjen. Flohr vart hugteken i Raisa, som presenterte seg sjølv som filmskodespelar. Ho reiste med han attende til Praha, men ho snakka heile tida om Moskva. Flohr hadde etter kvart ingen illusjonar om sovjetisk lukke og var meir oppteken av å utfordra den fransk-russiske verdsmeisteren Alekhin til ein mogleg VM-kamp i Praha i 1939.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.