Frå ei anna verd
Stor siger, botnlaust tap
I Rosenborggata 15 i Oslo ligg ein snublestein der namnet Hans Jellinek står skrive.
Det austerrikske vinnarlaget i VM i 1937, i lag med Josephine Culbertson og Helen Sobel, som tok sylv for USA. Hans Jellinek er nummer to frå venstre.
Foto: Wikimedia Commons
I Rosenborggata 15 i Oslo ligg ein snublestein der namnet Hans Jellinek står skrive. Tonen er nøktern: Fødd i 1906, deportert til Auschwitz i 1942, drepen 14. januar 1943.
Denne Hans Jellinek budde ikkje lenge i Oslo. Han kom frå Wien og arbeidde på kontor der. Ja, og så var han verdsmeister i bridge. Han spela for Austerrike i den fyrste verdsmeisterskapen som vart arrangert, i Budapest i 1937. Den internasjonale bridgen var ikkje aldeles velorganisert enno på denne tida, men det hadde vore europeiske meisterskapar og transatlantiske kampar i føregåande år. I 1937 deltok to amerikanske lag og femten europeiske pluss Egypt. Noreg var med, men fekk ingen medalje.
Heilt til finalen kom Austerrike, som her skulle møte det amerikanske laget til ekteparet Ely og Josephine Culbertson. Amerikanarane spela med Culbertsons eige meldesystem, medan austerrikarane høveleg nok nytta Vienna-systemet, konstruert av den ikkje-spelande lagkapteinen Paul Stern. Vienna førte fram; Austerrike vann finalen og kunne kalle seg verdsmeistrar. Hans Jellinek og makkeren Karl Schneider var det sterkaste av dei tre austerrikske para og utvilsamt eit av verdas beste par på den tida.
Never change a winning team, heiter det, men i 1938 vart Austerrike innlemma i Nazi-Tyskland, og kaptein Stern og alle lagmedlemene bortsett frå Schneider flykta frå heimlandet. Jellinek, den uheldigaste av dei, drog til Oslo. Her fekk han jobb som bridgeinstruktør i Arbeidernes idrettsforbund og skal ha vore ein dyktig lærar som hjelpte mange norske bridgetalent opp og fram. Etter krigsutbrotet i Noreg trudde han at norske styresmakter ville makte å verne han mot deportasjon, og trassa råd om å flykte vidare til Sverige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.