Stormakter bruker makt

USA fekk fjerna sosialisten Salvatore Allende (t.h.) frå presidentembetet i Chile. General Pinochet var meir å lite på, meinte dei.

Frå historia

Publisert

Dette er ei banal innsikt som historia ustoppeleg dokumenterer.

Akkurat no er det den autoritære og litt forfalne stormakta Russland som viser den makta dei framleis har, ved å invadere grannelandet Ukraina.

Putin og Russland gjer det tydeleg for all verda at dei ikkje vil ha ein slavisk grannestat i sør som dyrkar ugreie vesteuropeiske tankar om demokrati som styringsform, tankar som kan smitte nordover og truge regimet nordafor.

Slike opprørske tankar har aldri fått faste røter i Russland, anten styret var autoritært tsaristisk eller autoritært kommunistisk.

Den russiske hæren blir sett inn for å verne moderlandet for smitten frå sør. Dette er god gammaldags stormaktspolitikk. Militærvesenet skal verne heimlandet mot trugsmål frå granneland, også om trugsmålet berre har form av opprørske tankar som kan undergrave regimet heime.

USA, stormakta i vest, har ei lang historie her. USA satsa på at general Battista skulle halde Cuba innafor den amerikanske maktsfæren. Det var eit mistak, og Fidel Castro, med si militærmakt og sin sosialistiske profil, overtok styret på Cuba.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement